Redaktøromtale i Softpedia: Framifrå
Fleire omtalar og prisar … |
Tux Paint er eit fritt og gratis prisvinnande teikneprogram for ungar frå 3 til 12 år, som passar for både barnehagen og barneskulen. Det er lett å bruka, med artige lydeffektar og ein kjekk pingvinmaskot som hjelper til.
Du får blanke ark, og ei mengd med forskjellige teikneverktøy for å fylla dei. (Sjå oversikta over alle funksjonane.)
Tilgjengeleg for blant anna Mac OS X, Windows og Linux!
Last ned for:
Fleire nedlastingsval | ||||
|
Kjøp CD-ROM-en: Inneheld: Versjonar til Windows, Mac OS X, Linux, samt kjeldekoden | ||||
| Systemkrav |
Tux Paint er laga for ei rekkje forskjellige operativsystem – alle Windows-versjonar (òg Tablet PC), Mac OS X 10.3 og nyare, Linux, BeOS og Haiku, FreeBSD og NetBSD. Programmet fungerer òg bra på gamle maskiner, samt på tynnklientar som LTSP, Citrix® og Windows Terminal Services. Det kan til og med brukast på nokre handhaldne maskiner!
Kor mykje kostar det?
Tux Paint er gratis, fri og open kjeldekode, og vert distribuert under vilkåra i GNU General Public License. Det er laga på dugnad av frivillige frå heile verda. Me håpar òg andre vil synast at programmet er morosamt, og dela det med venner og familie.
Sidan Tux Paint (og annan fri programvare) ikkje har nokon lisenskostnader eller bruksavgrensingar, kan skular ta programmet i bruk i dag, utan å måtta gå omvegen om innkjøpsordningar og skulebudsjett!
Last ned Tux Paint, og ver kreativ!
Andre Tux4Kids-program du kanskje vil lika:
To find more free educational software, please visit www.educational-freeware.com.
Visste du? Voksne likar òg Tux Paint!





